logo_snu_-jpegformat-b.jpg

 
Dølemo Vekst BA - Start
 
Om Dølemo Vekst BA
 
 
 
 
 
Prosjekt Dølemo/Snu Åmli
  Søknaden (Rammer)
  Situasjonen i dag (2009)
   
 
Dølemo Vekst BA - Prosjekt Dølemo/Snu Åmli
     

 

Storplan for Dølemo
Dølemo Vekst BA har nå fått 1. utkast til strukturplan for område på Dølemo.

Dølemo Vekst BA fekk gjennom Snu Åmli i 2009 betydlige midlar bl.a. til oppteikningar/planverk for eit definert område på Dølemo. Fleire delprosjekt skal teiknast meir i detalj. Vi har nå fått 1 utkast til strukturplan for heile området sett under eit.

Det er naturleg å be interessentar i området om kommentarar til denne planen slik at den kan ha så brei støtte som moglig. Ein må peike på at gjeldande reguleringsplan for området i størst mogleg grad er lagt til grunn.

Vi ber med dette om innspel frå dykk - helst innan utgangen av februar 2010. Det skal då haldast eit folkemøte på Dølemo, og landskapsarkitekten skal etter dette få gjort strukturplanen ferdig.

Sjå kartet her og tekstdelen her
(Dølemo 10.02.10)


Store og mange planar på Dølemo

Dølemo Vekst BA fekk onsdag 17.06.09 full pott på omsøkte midlar til ulike prosjekt på Dølemo. Det var ei svært positiv styringsgruppe i Snu Åmli som ga Dølemo 259.000,- til prosjekteringer av ulike tiltak. I søknaden er nemnd fylgjande:

- Området rundt butikken
- Bensinanlegg
- Campingplass
- Marknadsføring av Dølemo
- Utnytting av 2. etasje i butikkbygget og kafédelen
- Leikeanlegg ved butikk
- Rydding av Grobekken
- Tilrettelegging og merking av turvegar/gamle kulturminne
- Badeanlegg
- Andre idear

Styret i Dølemo Vekst BA er glad for at søknaden vart innvilga, og gler seg til eit samarbeid der ALLE med tankar og idear kan ta del.