logo_snu_-jpegformat-b.jpg

 
Dølemo Vekst BA - Start
 
Om Dølemo Vekst BA
 
 
 
 
 
Prosjekt Dølemo/Snu Åmli
  Søknaden (Rammer)
  Situasjonen i dag (2009)
   
 

Dølemo Vekst BA - Kort om selskapet

     
 

Selskapet vart stifta 7. januar 2000.

KORT OM BAKGRUNNEN FOR STIFTINGA
Etter fleire års utvikling med stadig meir sentralisering, der m.a. både nærbutikk og grendeskule var truga av nedlegging, engasjerte bygdefolket seg for å prøve å utvikla bygda i ei positiv retning.

Vi gjennomførte eit bygdeutviklingsprosjekt, støtta av BU-midlar og Åmli kommune.  Gjennom dette prosjektet blei det kartlagt ulike moglegheiter til vekst og auka trivsel på Dølemo.

SATSINGSOMRÅDE
Noko av det som hadde høgst prioritet var å sikre drifta av nærbutikken.  Denne held til i tronge og gamle lokal, der dagens krav til moderne butikkdrift ikkje kunne oppretthaldast. Selskapets første oppgåve var å reise eit nytt utleigebygg. Her blei det bli rom til ny butikk, og i tillegg har vi plass til ein mindre kafé/gatekjøkken. Plasseringa er rett sør for sentrum, med beliggenhet inntil RV-41 (Telemarksvegen). Bygget har også ein beliggenhet som knyttar det saman med eksisterande marknads- og idrettsplass. På lengre sikt er det håp om å kunne utvide med andre aktivitetar omkring dette bygget.

MEDLEMSKAP
Dølemo grendelag, idrettslag og skyttarlag er dei tre største innskytarane i selskapet. I tillegg har dei fleste bygdefolk teikna seg som medlem og kjøpt andelar.

FORMÅLSPARAGRAF
Selskapet skal arbeide for å utvikle næringsliv, tenesteyting, nærmiljøtiltak og busetting i Dølemo krets 
ved å:

  • Fremme samarbeid mellom organisasjonar, bedrifter, kommunen og enkeltpersonar.

  • Informere og gi råd til etablerte og nye produsentar, leverandørar og kundar.

  • Stimulere og delta i utvikling av idear og prosjekt.

  • Tilretteleggje tomteareal, bygningar og andre anlegg for utleige til næringsdrivande og organisasjonar.