Dølemo-marknaden 2010
Lørdag 28. og søndag 29. august

 

 Åmli
Kommune

 

 
 Dølemo-marknaden
 

 Program
 og priser

 
 Hvor er Dølemo?
 Overnatting
 
 Sponsor
 
 Info. til utstillere
 
 Kontakt oss
 
 Historikk
 
 

 

 
 
 
 
 
 
 
Siste nytt!! (Arkiv)    
     
  Supermarknad!
Mykje folk, blide folk, flinke folk, nøgde utstillarar, imponerte artistar, fint ver og ei super stemning. Slik kan ein kanskje oppsummere Dølemo-marknaden 2010. Vi er i ekstase! Regnet sveiv rundt Dølemo sidan middagstid søndag, men kors på halsen - det fall ikkje EIN EINASTE dråpe på marknadsområdet. Vi seier takk for i år og velkommen tilbake til dykk alle til neste år!
Sjå fleire bilete i fotoalbum!
(Dølemo 29.08.10)
     
  Lokal dominans
Det kunne nesten ha vore eit lokalt meisterskap. Heile 5 av dei gjevaste premiane gjekk til det vi kan kalle innbyggjarar av Dølemo og Tovdal. Fantastisk flott meisterskap laga til av ein av Dølemo-marknadens sponsorar Treservice.net (Ole Sundsdal og co.) NRK var og tilstades med TV reportar. Takk Ole for flott gjennomføring
Sjå fleire bilete i fotoalbum!
(Dølemo 29.08.10)
     
  Latterdøra stod på vidt gap...
...då Åsleik Engmark gjesta Dølemo-marknaden. Den eine etter den andre av bygdas personlighetar fekk seg og sitt presentera frå scenen. Dette var kvalitet i kvar setning og mange sangar laga til Dølemos ære!!
Sjå fleire bilete i fotoalbum!
(Dølemo 29.08.10)
     
  "Melkesyra" song...
...bl.a. "Hyllest til Dølemo" Utruleg moro at Dølemo har sin eigen song.
Sjå fleire bilete i fotoalbum!

(Dølemo 29.08.10)
     
  Søndagen står for døra...
...og eit FANTASTISK ver kvilar over Dølemo.Vi vil igjen ønske publikum og utstillarar velkommen. Vi er yre av spenning på kva dagen vil bringe. Sjå programet i menyen til venstre for å finne ut litt meir :-)
(Dølemo 29.08.10)
     
  Ferske bilete...
Frå Dølemo-marknaden 2010 finn dykk her
(Dølemo 28.08.10)
     
  Ole Ivars svinga Dølemo
Ole Ivars var i storslag og trylla fram den eine kjente låta etter den andre då dei kom på scenen under Dølemo-marknaden. Sjå bilete i fotoalbum!
(Dølemo 28.08.10)
     
  Ein verdig vinnar
Det vart ein hard kamp om grauten då det årlige VM i rømmegrauteting gjekk av staben på Dølemo. Ingen av deltakarene bar preg av overdriven trening før startskotet gjekk, men langa likevel i seg så ein kunne tru det var kvardagsetarar av rømmegraut som sat på sccenen. Etter ein spennande finale var det klart. Tore Konnestad vann etter ein formidabel innspurt.
(Dølemo 28.08.10)
     
    Velkommen
Vi vil ønsker alle våre gjestar og utstillarar velkommen til årets Dølemo-marknad. Ei lett morgotåke kvilar over området og det kan sjå ut til at vi kan få eit fint ver i dag. Sjekk programmet i menyen til venstre. Velkommen til oss!
(Dølemo 28.08.10)
     
  Standskart og utstillarliste...
...finn dykk her: Standskart  |  Utstillarliste
(Dølemo 19.08.10)
     
  Årets reklamespott...
...for Dølemo-marknaden 2010 kan du lytte på her, men finn først fram danseskoa! :-)
(Dølemo 11.08.10)
     
  Espen Thoresen et graut
Har du lyst til å kappete rømmegraut med denne mannen? Det kan du gjere på Dølemo-marknaden 2010! Espen Thoresen Hværsaagod-Takkskalduha stiller nemlig opp som deltakar i årets VM i rømmegrauteting.
(
Dølemo 10.08.10)
     
  Melkesyra
Norges største (einaste!?) skøyteband - MELKESYRA - opplever du og på Dølemo-marknaden 2010. :-) Kom og høyr m.a. "Hyllest til Dølemo"!! :-)
(Dølemo 10.08.10)
     
    Standsplass?
Har du ei vare eller to og har lyst til å selge den på Dølemo-marknaden? Sjølv om den formelle søknadsfristen har gått ut supplerar vi inn nye  utstillarar heile tida fram til marknaden. Få tak i søknadsskjema og anna info HER!

(Dølemo 08.07.10)

     
  Talentshowet Scenen er din
Er du mellom 8 og 18 år og har eit artisttalent? Vi er glade for at vi igjen kan presentere talentshowet SCENEN ER DIN på Dølemo-marknaden! Klikk på plakata til venstre og les meir.

(Dølemo 29.06.10)

     
  Ole Ivars til Dølemo
Me er stolte over å kunne presentere Ole Ivars, som hovud attraksjon under årets marknad.
Ole Ivars rullar vidare i sitt 46. år som band. Maken til karriere er det få andre band i Noreg som kan vise til, om enn nokre i det heile, mengder år med gjentakande suksess teken i betraktning. Aldri har dei vore meir ettertrakta enn i dag!!
Ole Ivars er nærast for grossistar å regne i mengder Spellemannprisar. Dei har 6 Prisar, pluss den gjævaste av alle ÅRETS SPILLEMANN. Heile 10 gonger har dei vore nominert frå 1996 til idag.
Ole Ivars har selt over ein million plater, og har eit tosifra mengd GULL og PLATINA-plater, både for LP, CD og DVD. 
No kjem dei altså til Dølemo marknaden, nærmare bestemt laurdag 28. August.

(Dølemo 18.06.10)
     
 

Åsleik Engmark
Etter eit par år med stand up show på Dølemo, vonar me på gjentakande suksess i år.  Me gleder oss til å få besøk av heile Noregs SeverinSuveren, sjølvaste Åsleik Engmark. 

Åsleik Engmark er ein av Noregs mest allsidige komikar, kjent for sin fantastiske improvisasjonsevne. 
I 2009 debuterte han som spelefilmregissør med filmen Knerten, som har vorte ein av landet sitt største barnefilmsuksess gjennom tidene.
Men det er som komikar på scena han bør opplevast!
Åsleik går for å vere ein av Noregs beste improvisasjonskomikar og det er nettopp dette som gjer framferdene hans så unike. Han lagar gjerne songar på sparket, og evna hans til å trekkje personar, handling og musikarar frå salen og inn i showet er beundringsverdig.
Åsleik jobbar òg som regissør, skodespelar, tekstforfattar, songar og komponist. Han underheld og er foredragshaldar i privat og offentleg sektor, og opptrer gjerne på engelsk.
Åsleik Engmark samt musikar Jon Rørmark vitjar oss på Dølemo marknaden, sundag 29. August.

(Dølemo 18.06.10)

     
    Sponsor
Vi er svært glad for at 7 av våre gamle sponsorar og 2 nye ønsker å vere med vidare på laget for å hjelpe oss å bygge Dølemo-marknaden inn i framtida - fleire kan kome til.
* Agderposten AS, Sparebanken Sør, Åmli kommune og Ramirent går inn som
  A-sponsorar
* Treservice er med vidare som B-sponsor
* Expert Åmli går inn som B-sponsor
* ÅmliAvisa, Joker Dølemo og IAData er tilstades som C-sponsorar.

(OPPDATERT Dølemo 16.06.10)

     
  Vi snur opp ned på øksekast og rømmegraut
Nei - det betyr ikkje at du nå skal ete øksa og kaste grauten, men rett og slett at vi flyttar NM finalen i øksekast frå laurdag til søndag. VM i rømmegrauteting vil då bli på laurdagen. Sjå programmet her

(Dølemo 02.06.10)

     
  Er du i tvil?
Dølemo-marknaden 2010 vert som vanlig avvikla siste helga i august. I år vert det altså 28. og 29. august!

(Dølemo 08.01.10)

     
  Info til utstillere....
...med søknadsskjema, priser m.m. er klart for 2010 og kan hentast HER.

(Dølemo 08.01.10)

     
  Fotoalbum
Følg Dølemo-marknaden 09 i vårt litt provisoriske fotoalbum her

Dølemo 30.08.09 kl. 13.39.

 

 

     
     

  Savner du noe? Gå til arkiv!
 

 

 
 
 
 


Åmli

 


Dølemo

 
   
Til forsiden  
   
Banner  
   
 
   
   
   
   
   
   
     
 

© IAData