| Kallingsheia er den
sydligaste delen av eit samanhengande heiområde som går gjennom
store delar av Aust-Agder og vidare nordover over Haukelifjell
og grensefjella mellom Austlandet og Vestlandet.
Geografisk
ligg Kallingsheia i Åmli kommune og er den sydligaste delen av
det lange fjell- og heiområdet mellom Gjøvdal og Tovdal i denne
kommunen. I randsona inntil heia ligg enkelte gardar slik som
Baas, Håkedal, Eppeland, Tviland, Tverstøyl, Vestre Fiskevatn, Mjåvasstøyl og Hunemo. Med unntak av Håkedal som ligg meir inne
på heia, stig heia frå ca 200 – 250 m.o.h. ved desse
gardsgrendene til 702 m.o.h. på Høgeknatten som er det høgaste
punktet på heia. Høgeknatten er ein markert topp med ein varde
plassera på eit trigonometrisk punkt. Frå Høgeknatten er
utsikten storslått ein solskinnsdag. I syd ser ein havet i ei
lang strekning frå nærare Risør i aust til vest for Grimstad.
Med kikkert er det råd å sjå båtar som passerer langs kysten. I
nordvest til nordaust ser ein delar av fjellområda i
Setesdalsheiene og Telemark. Frå Lindenuten, meir mot
Tovdalssida, er det mogeleg å sjå Gaustatoppen ein klarversdag.
Kva
er det som gjer denne heia så spesiell? Ved fyrste augekast vil
vel dei fleste hevde at den er stort sett som andre heiområder i
indre Agder. Men for dei som lærer Kallingsheia å kjenne gjev
den opplevingar som fører til at ein stadig søker tilbake for å
lære den endå betre å kjenne. I jakt og friluftssamanheng blei
Kallingsheia tidleg både elska og frykta. Så tidleg som i 1879
bygde nokre rike skipping- og forretningsfolk frå
Arendalsområdet ei romsleg jakthytte i sydenden av Kallingsvaten,
ei hytte som framleis er i bruk. Valet av denne staden var
truleg knytt til den storslåtte naturen der oppe og dei gode
tilhøva for jakt og fiske som området rundt gav. Kallingsheia
var også i si tid frykta for den store stammen av store rovdyr
som heldt til inne på heia, i særleg grad bjørn. Den store
bjørneskyttaren Olav Tverstøyl starta sin vidgjetne jaktkarriere
i områda ved garden Tverstøyl som er ein av gardane som ligg
inntil Kallingsheia.
Framleis gjev Kallingsheia livsgrunnlag for
meir sjeldne dyreartar. Så seint som våren 1998 vandra ein bjørn
gjennom området og dei seinare åra har det vore ein fast stamme
av gaupe, også streifdyr av ulv skal ha passert gjennom området
dei siste åra. Både elg, hjort og rådyr finnes fast inne på
heia, og villrein finn ein til og frå som streifdyr. Kongeørna
er fast gjest, det same gjeld hubroen om enn i lite omfang. Og
dei seinare åra etter at fisken kom tilbake i ein del vatn og
vassdrag er fiskeørna igjen observert. Vegetasjonen er variert,
frå skogsområde i randsona med ordinære skogbruksaktivitetar,
til store samanhengande urørte områder inne på heia der ein bare
finn spor etter tidlegare aktivitetar knytt til seterdrift og
slått. Geologisk sett ligg Kallingsheia i det store Sydnorske
grunnfjellsområdet, men sjølv om berggrunnen for ein stor del
består av næringsfattige bergartar finn ein lokalitetar med
overraskande frodig vegetasjon. I høgdelaget frå 450m til 500
m.o.h. finnes ein av Aust-Agders største barlindforekomster, i
dag freda som eit lite naturvernreservat. Vidare finn ein eik av
uventa dimensjonar i same høgdelag, truleg restar etter ein
langt rikare vegetasjon tilbake i ein tidsperiode med eit klart
varmare klima. I lune granlier finn ein kjempeskog med enkelttre
på 3-4 m3 og kanskje meir.
Tilgangen til Kallingsheia kunne nok vore
betre enn den er slik det moderne mennesket i dag ynskjer det.
For den som verkeleg vil utforske dette vakre og spanande
heiområdet er ryggsekken og "apostlenes hester" einaste utvegen.
Med
utgangspunkt på Dølemo der løypenettet til Turistforeningen
starter, er det jamn og tung stigning dei fyrste kilometerane
innover heia, men etter kvart som ein stig oppover får ein løn
for strevet. Fyrste turen kan gjerne leggast til løypenettet til
Turistforeninga, som for ein stor del går etter høgdedraga av
Kallingsheia, med fyrste overnattingsstad ved Skarsvassbu i
grenseområdet mellom Kallingsheia og Tovdalsheia med Lindenuten
i vest.
Men for den som verkeleg vil bli kjent på
Kallingsheia må områda på begge sider av høgdedraget nordover
vitjast. I særleg grad er områda på austsida av høgdedraget
rundt Kallingsvatn og nordover mot Øyvatn, Gunnerslitjønn og
Hovatn naturperler i særklasse. Det same må seiast om områda
rundt Strandevatn på vestsida av høgdedraget. Ein finn spor
etter tidlegare seterdrift og høybuer, men ellers er områda
svært lite påverka av menneskeleg aktivitet. I desse områda kan
ein opphalde seg i dagar og kanskje veker utan å treffe andre
menneske enn ein bonde som er ute for å sjå etter sauene sine
eller på haustparten ein jeger som er ute etter elgen eller
haren.
Til dei som etter å ha lese denne enkle
skildringa av Kallingsheia, skriven av ein som sjølv har vandra
der til alle årstider i over 30 år og blitt glad i dette
naturområdet: Kom gjerne å besøk denne heia, bruk tid på å gjere
deg kjend, ta omsyn til planter og dyreliv, også husdyr (sau)
beiter der inne. Hald difor bikkja i band i bandtvangstida. Du
er hjarteleg velkomen dersom du viser vanleg hensyn i naturen.
|