Tovdalselva
frå fjell til sjø er lang, gjennom Åmli kommune er strekninga i
overkant av 4 mil. Tovdalselva er for dei fleste eit kjent namn,
blant anna kjent frå planar om kraftutbygging, omfattande
fiskedød i 1970 åra osv. Den delen av Tovdalselva som det har
vore mest debatt om er strekninga frå Rukanfossen like nord for
Dale i Tovdal og vidare nordover inn i Setesdalskommunane.
Kunnskapen om Tovdalselva er av denne grunn for mange i fyrste
rekke knytt til den øvre delen av vassdraget.
Bildet viser parti fra Rukanfossen. Ca. en
times gange fra Dale i Tovdal.
Foto: Ukjent.Men Tovdalselva har mange
naturperler å by på også nedover i vassdraget. Med tanke på
naturopplevingar og aktivitetar knytt til vatn og vassdrag av
ulike slag er moglegheitane mange med kort og lett tilgang til
elva. Eit område som i særleg grad byr på mange mulighetar er
strekningen frå Dølemo til Baas. Her vekslar elva frå rolege
vatnspeil til fossar og stryk. Langs elvestrekninga finnast
fleire imponerande minner frå den tida då tømmerfløtinga
skjedde. Kraftige fløtningskjermar i hoggen stein fortel om
fagarbeid av høg klasse. Og med dei hjelpemidla som då fantes
kan ein bare tenke seg kva fysisk slit som ligg bak desse
byggverka. Like vest for Dølemo sentrum finn ein restane av den
gamle byvegen i form av brukar frå ei bru som kryssa elva. Langs
elva finnast også godt synlege merker etter gamle ferdselsvegar
frå den tida hesten var einaste trekkrafta.
Tovdalselva
frå Dølemo til Baas har mykje å tilby menneske som søker ut i
naturen. I tillegg til sjølve naturopplevinga gjev
elvestrekningen høve til aktivitetar av ulike slag. Elva er
svært fiskerik med aure som viktigaste art, men det er også eit
visst innslag av bekkerøye og abbor. Fiskekortordning er under
etablering og elva bør gje gode moglegheitar for alt frå
flugefiske til stangfiske med beitemakk.
"Brufoss"
Foto: Jens M. Føreland
Elva er godt egna for båtbruk, men sjå opp for
fossar og stryk. Kvart år ser ein kanoar som fylgjer elva
nedover, og områda frå Dølemo og sørover i ein strekning på 8 –
10 km til Flateland Camping er utan fossar og stryk.
Bademoglegheitar finnast overalt, og områda inntil elva gjev
mange moglegheitar for rasting og telting for dei som vil
overnatte under enkle tilhøve.
Den delen av Tovdalselva som særleg er omtala
her, strekninga frå Dølemo til Baas, er ikkje så synleg frå
riksvegen som store delar av elva ellers er når ein kjører til
Dølemo og tar av vestover mot Tovdal. Men elva ligg sjeldan meir
enn 200 – 300 meter frå vegen. Ta kontakt med dei som driv
Dølemo Landhandel for meir informasjon, der får du også kjøpt
fiskekort dersom du er interessert i fisking.

"Øykil"
Foto: Jens M. Føreland
Til deg, som etter å ha lese denne enkle
presentasjonen av ein del av Tovdalselva, kunne tenke deg å sjå
nærare på området. Ta med deg fiskestonga, kanoen, heile
familien og gjer eit forsøk, du blir truleg ikkje skuffa. For
den "blaserte" fiskar som ventar fisk på kiloen og meir, så er
det langt mellom desse, men dei finnast. Men kanskje småjenta
eller småguten din er nøgd med mindre utgåver, og då er
moglegheitane store for eit heldig utfall. For deg som vil bruke
elva og områda inntil, tak omsyn til naturen, hold deg til
reglane i Friluftslova for ferdsel og telting i utmark, vær
spesielt forsiktig med open varme og hugs at det beiter husdyr i
nærleiken slik at hunden må haldast under kontroll.
|