|
Igjen
ein flott skitur over Kallingsheia. Turen gjekk frå Landsverk i
Gjøvdal til Eppeland nær Dølemo. Ei strekning på i underkant av
3 mil med mykje stigning undervegs.
Sundag 22.02
var det skitur over Kallingsheia frå Landsverk i Gjøvdal. Dølemo
Idrettslag hadde sett opp buss frå Dølemo og mange nytta den, og
i tillegg var det nokre som kom med eigen bil. I alt vart me ca
30 deltakarar.
Under
løypekøyringa både på fredag og laurdag låg tåka tett på heia og
det snøa, men på sundag skein sola frå nær skyfri himmel. Det
vart ein utruleg fin dag, sjølv om enkelte i starten hadde ein
del vanskar med å finne rektig skismøring for det aktuelle
føret.
Matpausen
var ved Eiklitjønna, om lag ei mil frå Landsverk. Her tok mange
seg god tid, pølsebål vart fyra opp, og folk kosa seg i sola med
mat og drikke, pluss at dei samla krefter til turen vidare.
Mange la også om smøringa på skia og gjekk over til klister, som
sat betre i motbakkane.
Turen vidare
gjekk greitt, dei fleste var oppom Høgeknatten og skriv i boka,
og mange var også innom Blåhuken, like før nedkjøringa mot dalen
byrjar, og skreiv i boka der. Mellom 4 og 5 på ettermiddagen var
alle kome ned til Eppeland. Og det er tydeleg at sola no har
fått meir styrke, og det vart etter kvart ein god del raude
ansikt å sjå.
Jens M. Føreland
(Dølemo
24.02.09) |