Skitur frå Gjøvdal/Landsverk
til Dølemo
VINTERFESTIVALEN 2008
Søndag
10. februar arrangerte skigruppa i Dølemo IL
tur over Kallingsheia, fra Gjøvdal/Landsverk til Dølemo.
Arrangementet var ein del av programet til Vinterfestivalen
2008. 16 spreke deltakere fekk oppleve Kallingsheia frå ei flott
side. Lettskya vèr med innslag av sol laga ei fin ramme rundt
arrangementet. Dagen starta med busstransport til Gjøvdal, men
grunna dårleg veg inn til sjølve Landsverk, måtte deltakarane gå
dei to kilometra inn til der løypa starta. 6-8 km. stigning inn
til Skardsvatn la ingen demper på humøret og då Slaktarheia også
vart bestegen, var det berre utforbakkar ned til Øvre Eiklitjønn
og generalpause. Det virka som det gjorde godt for møre kroppar
med ei god matpause. Det vart både bålbrenning og tilhøyrande
pølsesteiking før alle igjen la ut på neste etappe mot
Haddesteinen og etterkvart Høgeknatten. Blåhuken vart også
inspisert før deltakarane med "livet som innsats" tok til på dei
kvasse utforbakkane mot Eppeland. Det var ein sliten men blid
gjeng som takka for turen.