Det
vart ei flott opning av den nye gapahuken på Kallingsheia søndag
27.01.08. I eit strålande januarvér tok mange turen opp på heia
for å nyte dagen saman med andre. Gapahuken ved Blåmyrtjønna er
setta opp av Dølemo IL som ein samlings- og overnattingsplass
for folk som er på heia. Vi hadde ei "veldig formell" opning med
både tale og dåp. Evelyn Eppeland fekk æra av å vere "gudmor"
for gapahuken - noko som vittige sjeler meinte måtte bety å vere
ansvarleg for at den alltid var ryddig og fin. Etter dåpen var
det tid for mat og drikke, og etterkvart så tok mange på veg inn
til Høgeknatten. Vi er takknemlige for at Jens M. Føreland tok
på seg arbeidet med å konstruere og lage huken, samt få køyrd
den opp på heia.
Til slutt må vi få lov til å takke Torstein Håkedal som
velvillig har stilt grunn til disposisjon.Evelyn Eppeland
døypte gapahuken.
Foto: Jens M. Føreland
Gudmor og konstruktør
Foto: Olav E. Føreland |