Til Startsida
 
 Dølemo-marknaden
 
 Fotoalbum
 
 Bu på Dølemo?
 Turområde/overnatting
 Grendene
 
 Lag og foreninger
 Dølemo Nærmat AS
 Dølemo Vekst BA
 
 Dølemo på kartet
 
 

Lokal informasjon/nyheter (Arkiv)
 

Månadsbrev for juni og juli...
...frå Joker Dølemo finn dykk her: docpub/Infoskriv 06 og 07-2010.pdf
(Dølemo 29.07.10)

St.hans feiring på Dølemo
Over 60 små og store kosa seg i sola med god mat, natursti og hesteskokasting då Dølemo grendelag laga til samling for alle som ville kome. Takk til alle som kom og dykk som arrangerte!
Sjå bilete her
(Dølemo 23.06.10)

Månadsbrev for mai...
...frå Joker Dølemo finn dykk her: docpub/Infoskriv 05-2010.pdf
(Dølemo 02.06.10)

Månadsbrev for april...
...frå Joker Dølemo finn dykk her: docpub/Infoskriv 04-2010.pdf
(Dølemo 19.05.10)

Eppeland gamle sag brann ned til grunnen
Les meir her
(Dølemo 08.04.10)

 

 

Månadsbrev for mars...
...frå Joker Dølemo finn dykk her: docpub/Infoskriv 03-2010.pdf
(Dølemo 08.04.10)

Månadsbrev for februar...
...frå Joker Dølemo finn dykk her: docpub/Infoskriv 02-2010.pdf
(Dølemo 08.04.10)

Storplan for Dølemo
Dølemo Vekst BA har nå fått 1. utkast til strukturplan for område på Dølemo
Les meir her

(Dølemo 10.02.10)

 

 

Månadsbrev for januar...
...frå Joker Dølemo finn dykk her: docpub/Infoskriv 01-2010.pdf
(Dølemo 05.02.10)

Aktivitetskalender...
...for skigruppa - vinteren 2010 finn dykk her: docpub/Plan skigruppa 2010.pdf
(Dølemo 05.01.10)

 

 

Månadsbrev for desember...
...frå Joker Dølemo finn dykk her: docpub/Infoskriv 12-2009.pdf
(Dølemo 05.01.10)

Månadsbrev for november...
...frå Joker Dølemo finn dykk her: docpub/Infoskriv 11-2009.pdf
(Dølemo 01.12.09)

Månadsbrev for oktober...
...frå Joker Dølemo finn dykk her: docpub/Infoskriv 10-2009.pdf
(Dølemo 02.10.09)

Halloween party på Joker Dølemo
Du er invitera til litt grøss og gru på Joker Dølemo Laurdag 31.10.09. Markeringa startar kl. 12.00 og held på til kl. 16.00. Om folk ønsker det har kafeen ope heilt til kl. 18.00. Vi sel kaffe, vaflar og pølser. Alle som møter med litt sminke eller kostyme får ein liten godtepose! Har dykk lyst på litt musikk så ta med ein CD.

Butikken er ope heilt fram til kl. 16.00.

Trekning
Det vert og trekning på månadens gåvekort frå Joker Dølemo. Kanskje kan du vinne?

Velkommen til ei hyggelig og sosial samling.
(Dølemo 26.10.09)

Idémøte
Dølemo Vekst BA har som kjent fått tildelt betydelige midlar frå Snu Åmli til planlegging av området mellom butikken og Rullet. Utgangspunktet for kva vi kan bruke området til ligg nedfelt i reguleringsplan...
Les meir her
(Dølemo 13.09.09)

Fotokonkurranse og grillfest på Joker Dølemo
Laurdag 12.09.09. Kl. 12.00 - 15.30 må du få med deg sommarens siste grillfest. Og ikkje nok med det - du kan og levere inn ditt beste sommarbilete og kanskje vinne eit gåvekort til ein verdi av kr. 500,- (Må brukast på Joker Dølemo!) Biletet må vere levert butikken seinast kl. 18.00 fredagen føre. Hugs å skrive fotografens namn på baksida av biletet. Alle våre gjester/kunder er dommarar i fotokonkurransen fram til kl. 14.00 på laurdagen.
Velkommen til ei hyggelig og sosial samling.

NY grillfest på Joker Dølemo
Joker Dølemo v/Daniela arrangerer ein endå større grillfest på butikken til laurdag, og butikken har ope heilt til kl. 18.00. Du kan kjøpe diverse ferdig grilla mat, eller du kan kjøpe det du vil ha, og grille sjølv. Du kan og få kjøpt vafler og kaffe dersom du heller vil ha det. Det vil og bli litt sal av lopper og handtverk ved butikken. Vi er glade dersom dykk samstundes tek helgehandelen på Dølemo denne dagen! :-) Alt dette skjer mellom kl. 11.00 og kl. 18.00. laurdag 11. juli.
Velkommen til ei hyggelig sosial samling.
Igjen seier vi - HAPPY GRILLINGS!
(Dølemo 08.07.09)

Fiskekonkurransen på Kallingsheia....
....torsdag 02.07.09 var ikkje akkurat prega av mykje fisk. Det var godt og gjennomtenkt at arrangørane hadde sørga for anna mat (pølser). Men veret av topp, vannet var varmt, så med godt humør og mange folk vart det ein utrulig gild tur! Takk til Øyvind og Jens som stod for eit knirkefritt og fiskefritt arrangement :-)
Sjå bileta frå turen her
(
Dølemo 08.07.09)
 


Fiskekonkurranse på Kallingsheia....
torsdag 02.07.09 frå kl. 18.00.
Les plakat her (pdf)
(
Dølemo 27.06.09)

Referat frå årsmøtet i Dølemo Vekst BA  2008
Les referatet her
(Dølemo 25.06.09)

Mange møtte fram til St.hans feiringa
50-60 stk møtte til feiring på Dølemo. Kjempeflott. Takk til alle som kom, og til dei som tok seg tid til å arrangere dette! :-)
Bileta ser du her
(Dølemo 23.06.09)

Sankthans på Dølemo - Melding frå Dølemo IL
Fyrstkomande tysdag frå kl. 18.00 vil me samlast på området utanfor Dølehall for å grille og ha litt leik og moro. Det vil bli hesteskokasting, luftgeværskyting og natursti. Me stiller med varm grill og salat. Velkomen.
(Dølemo 21.06.09)

Nye sider for Dølemo Vekst BA
Arbeidet på nytt webområde for Dølemo Vekst har starta. Grunnen til at vi legg om på sidene er sjølvsagt det nye prosjektet vi skal i gang med. Du kan alt nå gå inn og sjå kva situasjonen for området er i dag, med nokre korte beskrivelsar.
Sjå meir her
(Dølemo 20.06.09)

Store og mange planar på Dølemo
Dølemo Vekst BA fekk onsdag 17.06.09 full pott på omsøkte midlar til ulike prosjekt på Dølemo. Det var ei svært positiv styringsgruppe i Snu Åmli som ga Dølemo 259.000,- til prosjekteringer av ulike tiltak. I søknaden er nemnd fylgjande....
Les meir her
(Dølemo 17.06.09)

Ertesuppefest på Joker Dølemo
Joker Dølemo v/Ranita og Erik arrangerer stor ertesuppefest på butikken til laurdag. Du kan kjøpe nydelig ertesuppe - garantert heimlaga. Alt dette skjer mellom kl. 11.00 og kl. 14.00. laurdag 20. juni.
Velkommen til ei hyggelig sosial samling. HAPPY SUPPINGS!
(Dølemo 16.06.09)

125 sykla på Dølemo
Igjen eit prikkfritt arrangement av Dølemo Idrettslag då Dølemotråkken vart avvikla søndag 24.05. Sondre Skarli frå Dølemo vart nr 2 i løpet, noko som er veldig bra.
Les meir om Dølemotråkken 2009 her.
Dykk kan og sjå fleire bilete her.
(Dølemo 28.05.09)

Grillfest på Joker Dølemo
Joker Dølemo v/Daniela arrangerer stor grillfest på butikken til laurdag. Du kan kjøpe pølser og grillribbe ferdig grilla, eller du kan kjøpe det du vil ha, og grille sjølv. Alt dette skjer mellom kl. 11.00 og kl. 14.00. laurdag 30. mai.
Velkommen til ei hyggelig sosial samling. HAPPY GRILLINGS!
(Dølemo 26.05.09)

Fantastisk oppmøte på 17. mai
Dølemofolk er utrulig flinke til å møte opp når det skjer noko. Det vrimla av folk då arrangementet rundt 17. mai gjekk av staben på Dølemo. Rundt 120 store og små sette kvarandre i stemning på nasjonaldagen. Dykk kan sjå fleire bilete her.
(Dølemo 19.05.09)

Gratulerer
Endå eit barn er født på Eppeland/Dølemo. Liv Mona og Sigurd fekk ein stor sønn på morgonen den 17.03. Alt står etter forholda bra til seier rapportane frå SSA, noko vi alle er glade for.
(Dølemo 17.03.09)

 



N
yheter fra Dølemo-marknaden

   
Talentshowet Scenen er din
Er du mellom 8 og 18 år og har eit artisttalent?
Les meir her

(Dølemo 29.06.10)

   
Ole Ivars til Dølemo
Me er stolte over å kunne presentere Ole Ivars, som hovud attraksjon under årets marknad....
Les meir her

(Dølemo 18.06.10)

   
Åsleik Engmark
Etter eit par år med stand up show på Dølemo, vonar me på gjentakande suksess i år.  Me gleder oss til å få besøk av heile Noregs SeverinSuveren, sjølvaste Åsleik Engmark....
Les meir her

(Dølemo 18.06.10)

   
  Sponsor
Vi er svært glad for at 6 av våre gamle sponsorar og 1 ny ønsker å vere med vidare på laget for å hjelpe oss å bygge Dølemo-marknaden inn i framtida...
Les meir her

(OPPDATERT Dølemo 16.06.10)

   
Vi snur opp ned på øksekast og rømmegraut
Nei - det betyr ikkje at du nå skal ete øksa og kaste grauten, men ....
Les meir her

(Dølemo 02.06.10)

   
Er du i tvil?
Dølemo-marknaden 2010 vert som vanlig avvikla siste helga i august. I år vert det altså 28. og 29. august!

(Dølemo 08.01.10)

   
Info til utstillere....
...med søknadsskjema, priser m.m. er klart for 2010 og kan finnes...
Les meir her

(Dølemo 08.01.10)

 

   

 
 

Annonser

-
-
Til forsiden